Master frå NHH
Revisjon og rekneskap.
01 / OM STIAN
Eg heiter Stian Vika og står bak Vika Økonomi AS. Med base i Hardanger arbeider eg med rekneskap og rådgiving for eigarstyrte selskap.
Etter master i revisjon og rekneskap frå NHH jobba eg i PwC, før eg blei dagleg leiar i eit rekneskapskontor. No byggjer eg ei eiga verksemd med direkte kundekontakt og personleg oppfølging.
02 / KOMPETANSE OG ERFARING
Faglege autorisasjonar og utdanning er grunnlaget. Erfaring frå både revisjon og leiing av rekneskapskontor gjer at eg kjenner dei praktiske utfordringane selskapa møter.
Eg har mellom anna erfaring med eigedom og oppfølging av eigarstyrte verksemder.
Revisjon og rekneskap.
Godkjend revisjonskompetanse.
Godkjend fagkompetanse i rekneskapsføring.
Fire år i revisjon og fem år som dagleg leiar i rekneskapsbransjen.
Vika Økonomi AS er statsautorisert regnskapsførerselskap og medlem av Regnskap Norge.
03 / ARBEIDSMÅTE
Du har ein fast rådgjevar som kjenner selskapet ditt og kan følgje opp spørsmål undervegs.
Ryddig rekneskap og tydelege avtalar om ansvar, leveransar og fristar.
Eg tek inn få kundar for å kunne setje av tid til oppfølging og god dialog.
04 / SAMARBEID
Fortel kort om verksemda di og kva du ønskjer hjelp til. Kapasiteten ved oppstart er svært avgrensa, men du kan melde interesse for eit seinare samarbeid.
Meld interesse for samarbeid