VIKAØKONOMI AS

SPØRSMÅL OG SVAR

Kort fortalt.

Nokre praktiske avklaringar før du tek kontakt.

Kven passar Vika Økonomi for?

Eigarstyrte selskap som ønskjer rekneskap, rådgiving og tett økonomisk oppfølging.

Jobbar du berre med eigedom?

Nei. Eg har erfaring frå eigedom, men arbeider også med andre eigarstyrte verksemder.

Korleis blir samarbeidet prisa?

Normalt med fast månadsavtale. Pris og innhald blir avklart ut frå behov og omfang før oppstart.

Kan eg melde interesse for samarbeid?

Ja. Kapasiteten ved oppstart er svært avgrensa, men du kan ta kontakt om eit mogleg seinare samarbeid.